Stiløpetur i Trollheimen

Fellestur

Fra dato
15. september kl. 07:00
Til dato
16. september kl. 22:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, , Fjellsporttur, Fjell-Løpetur
Arrangører
TT Fjellsportgruppa, Trondhjems Turistforening
Turområde
Trollheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Stiløping er i vinden for tida og det er på tide at konseptet testas i Trollheimen. Konseptet er enkelt finn fram løpeskoa, ein liten sekk og spring Storlidalen-Innerdalen og tilbake att.

NB! Turen har ingen deltakeravgift, men kostnader til reise, overnatting osv. vil påløpe!

Planen er å springa frå Storli til Innerdalshytta via Langvatnet på laurdagen. Denne turen er ca. 20 km og byr på flott utsikt mot fjella i Innerdalen. Vel framme er det mogleg å ta seg eitt godt og kaldt bad i vatnet om ein ynskjer det (det er visst dusj og) før det vert servert middag på hytta. Forhåpentlegvis rekk me fram tidleg nok til å få slappa av og lada batteria før neste dag. 

Neste dag spring me tilbake via Innerdalsporten. Dette skal vera ei lettare rute, sjølv om det her er netto stigning. Lengda er bortimot den same.

Begge dagane så spring me i grupper på maks seks personar. Planen er ikkje å ha kappløp over fjellet, men å halda gruppene samla og ha fint driv over fjellet. Dette vil sei at me ikkje kjem til å springa for fullt, men det vert få og korte stopp slik som det hadde vore under eitt faktisk løp i fjellet. 

Transport:
Sidan me skal springa så er det ingen grunn til å starta altfor tidleg så me startar på føremiddagen på laurdagen. Køyrelag vert arrangert når det nærmar seg så gje beskjed om du kan køyra og kor mange du har plass til.

Overnatting og mat:
Det vert ei overnatting på Innerdalshytta eller Renndalssetra laurdag til sundag. Endeleg avgjerdsle vert teken seinare, men prisen skal verta på under 1000nok per person for middag og overnatting. Det er også mogleg å leiga sengetøy om ein ikkje vil springa med lakenpåse i sekken.

Når det gjeld mat så er det viktig å ha med seg næringsrik mat og nok drikke til å koma seg over fjellet.

Krav til deltakarane:
Som normalt på TTF-turer er det ingen turleiar. Deltakarane må sjølv setja seg inn i turen og vurdera om dei har tilstrekkeleg form og ferdigheitar. Turkoordinator fylgjer opp dette. Deltakarane må ivareta sin eigen og gruppas tryggleik undervegs. Deltakarane må vera i stand til å ta vare på seg sjølv i varierande ver. Deltakarane bør ha erfaring med stiløping og kunna gjennomføra eit halvmaraton i terrenget to dagar på rad. Kontakt gjerne koordinator eller TTF-styret om du lurer på noko. Sjå TTFs turretningslinjer her.

Utstyr:
Terrengløpesko
Løpesekk (eller ein annan sekk du liker å springa med)
Lakenpose om ein ikkje leiger sengetøy
Tørt skift
Vindtette klede
Hovudlykt
Drikkepose eller drikkebelte er anbefalt, men ikkje påkrevd.

Gje beskjed under påmeldinga om du har eigna fyrstehjelpsutstyr, liggeunderlag eller vindsekk. Så organiserer turkoordinator at det vert tatt med nok av slikt utstyr.

Maks deltakarar:
12

Stiløpetur i Trollheimen

Stiløping er i vinden for tida og det er på tide at konseptet testas i Trollheimen. Konseptet er enkelt finn fram løpeskoa, ein liten sekk og spring Storlidalen-Innerdalen og tilbake ...

Kontaktinformasjon: